Frå nostalgi til fakta; eg har teke for meg Nøstebarnboka - den er utømmeleg!!! Så mange gode modellar, og lett å justere med mønster og fargar. Denne gongen vart det Mosters babystrømper, madam Møllers babysokkar, siklesmekke og lettstrikka babylue. Som redegjort for i forrige innlegg var det rikeleg med garnrestar fra Nøstebarn, og dermed var fargesamansetningen klar.
Alt er strikka på pinne 2,5 og i Merino to-tråds frå Nøstebarn. Madam Møllers babysokkar er i dobbel tråd, og på pinne 3,5.
Eg valde to rett-to vrang som kanting foran på lua, då sit lua betre inntil hovudet. Snorene har eg hekla, lang rad med luftmasker, og så fastmasker (?) tilbake. Hekling er ikkje mitt kompetanseområde, så å kunne namngje kva maskene heiter - sorry.
Strømpene er gode og lange, og sit godt på ein lubben barnefot, Dukkeba er litt stutt i beina.. Om eg har flaks passar lua og strømpane samstundes, ein gong til hausten.
Eg vart særs nøgd med fargane - og tykkjer dei passar godt til ein liten gut.

No er det vel ikkje før tennene kjem at siklinga tek til for alvor, så då har nok smekke-mottagaren vorte betydelig større enn kva dukka her er.
Madam Møllers babysokkar var eit triveleg bekjentskap - dei var morosame og raske å strikke, og med litt fleire omgonger på skaftet enn i oppskrifta tykkjer eg at dei vart ganske brukbare.
Så vert det jo opp til mottagaren då, å sjå om det funkar...