onsdag 14. november 2012

Stars of stripes

No får ein kjøpt ferdige striper på Panduro for å lage stjerner med! Alt er så enkelt og lettvint!! Då eg lærte meg dei danske brettestjernene, måtte eg klippe strimlene sjølve. Perfekte til det bruket var innføringsark frå skuletentamen, hugsar de dei doble kvite arka med linjer på? Kladdearka var ubleika og ulinjert, men innføringa var kvit og fin og perfekt til å klippa opp til stjerner....

Så ikkje lenger, men då eg såg desse ferdigklipte remsene kom eg i hug kor kjekt stjernebrettinga var, og kor fine stjernene vart. Perfekt førjolshobby, tenkte eg!


Ungane vart med, i alle fall dei som var heime, og både 7.klassingen og 2.klassingen vart dugelege brettarar!





Og resultatet vart stilig!!! Her er 7.klassingen sin,










og den raude her er 2.klassingen sin.

Særs viktig at dei begge kjem godt fram på bileta, veit de!

Systro ville gjerne dandere stjernene litt førjolsaktig i eit pent glas og stille det opp med tende ljos og pene kvister, men det ville ikkje dette skjelettet her, nei.




 Så då vart det heller stjerne og skjelett!!



















Ein link til stjernebretteoppskrift finn du her. Men pass deg, det er lett å få dilla!!

5 kommentarer:

  1. Bretting er ikke lett for barn, så dette er et imponerende arbeid! Hipp hurra!

    Lykke til med brettinga!

    Klem

    SvarSlett
  2. Godt gjort, og veeldig dekorativt! Takk for tips =)

    SvarSlett
  3. Så lekre stjerner! Kjempefin førjulsaktivitet :)

    SvarSlett
  4. Sånne stjerner er så fine! Eg har til å henge på juletreet, i never. Men skulle gjerne ha visst korleis eg lagar dei sjølv! Såg at Mariefriis hadde oppskrift inne på bloggen sin. :) Takk for lampetips inne hos meg! Hadde det vore opp til meg skulle vi gjort som dykk og delt lysbehovet i to, men nei - det er visst ikkje aktuelt. ;-)

    SvarSlett
  5. No kom eg i juleverkstad-stemning! Takk for tips! Og 1000 takk for at du kan hjelpe meg den ufullstendige kåpe-oppskrifta frå KK! Eg har svart deg inne på bloggen min!

    SvarSlett