søndag 14. april 2013

Lyngfarga Annis-sjal

Annis! Sjølve provet på at det gjeng mykje fortare å strikke noko som er lystbetont!!


Etter Tre-Filmsgenseren eg nylig avslutta kom det opp krav frå eldstedottera om tilsvarande genser i kvitt, mjukt pusete garn, og eg heiv meg på dei pinnene. Men så keisamt då!!!! Berre rettstrikk, garn som floka seg undervegs og uendeleg langt fram til mål...

Så dukka Annis-sjalet opp på den fine bloggen spit, lekkert, luftig, vårleg, og gratis mønster på ravelry. Eg vart plutseleg klar over kva eg skulle nytta det lyngfarga Geilskgarnet til!

No! Med ein gong!

Mmmmm! Dette var kosestrikk! Enkel oppskrift, ja bortsett frå nuppane, som  eg lagde min eigen vri på.


Her er sjalet ferdig strikka, klar til ein Milodukkert. 


Handvask skal skyllast tre gonger, har eg lært, stemmer det?

Eller er det gamle dagars kunnskap som er utdatert?







Klar til blokking, på minstens avlagde barnemadrass. 








































Når dagsljoset kjem dukkar det nok opp ein meir ordentleg presentasjon av vakre Annis...

2 kommentarer:

  1. Wow, det var kjapt!!! Og knallfint, herleg farge, gler meg til å sjå det i dagsljos og :) Og så koseleg med link til bloggen min - takk!

    SvarSlett
  2. Råflott! Jepp, har også lært om 3 skyllevann :) viktig å få bort alle såperester!

    SvarSlett