fredag 25. april 2014

Endelig - kofta er klar!

Takk for heiinga på oppløpsida, siste eg gjorde før bilen gjekk til fjells var å kjøpe knapper! 
Butikken var på overtid, men den skjønne dama forstod desperasjonen og entusiasmen over ei straks-ferdig-kofte, og lot meg bruke verdifulle overtidsminutter på å velje knapper. 

Knappene vart store og svarte, heil enkle, for å ikkje lage for mykje bråk opp mot alt mønsteret på jakka forøvrig. For ja, her er det leven!! 

Det tok si tid med klipping, fastsying av erme, belegg, knappestolper og hals, men endeleg!!! 
Eg er kjempefornøgd, mønsteret er toppers, jakka er passe lang i livet og deilig passeleg i erma, varm og god, og mjuk utan å klø. Kva meir kan ein ønske?



Litt bållukt, kanskje? På kofta si første tur gjekk me 700 meter på ski, junior fyrte opp bål, Og der blei me den dagen. Mmmm, pølser, marshmallows og ny kofte! 



Mor poserer villig og ikkje lite stolt, her, ja! Manglande vask/damping-moglegheiter på hytta, men passformen er upåklageleg.

Eg er ikke særleg fan av gult, men i denne jakka gjer det heile effekten, tykkjer eg. Festlig kombo av mønster, passe retro, passe 2014. 

Mjuke fakta: 
Oppskrifta er frå Husfliden, "Strikkeoppskrift nr. 493", den har ikkje noko årstall på seg, men frå bilete på mønstret å døma er den frå 1980-talet. Dette stemmer godt med at eg i 1989 strikka den fyrste gongen, då i ei altfor lita utgåve. 



Eg har brukt Mitu frå Rauma, 50% ull, 50% Alpakka. Mjukt og stødig å strikka med. Pinne 3 heile vegen. Knapper frå Strikkeriet på Kjelsås, band på innsida av knappestolpene frå Oleas Hus i Fyresdal. 

No håper eg på litt fleire kalde vårdagar.....




4 kommentarer:

  1. Den ble fantastisk fin! Knallbra :D

    SvarSlett
  2. Herlig kofte!! Liker kjempegodt fargekombinasjonen.

    SvarSlett
  3. Kjempefin kofte du har strikket - flott fargekombinasjon! :-)

    SvarSlett