lørdag 1. november 2014

Votter til ein spurv

5-åringen har ein god bestekompis, som no fyller år. Guten min er ganske høg, medan vennen er liten og lur. Han har difor fått namnet Spurven av Vetlo mi..
Spurv eller ikkje, tøffe gutar i utendørs barnehage treng varme hender inni regnvottane!!

Oppskrifta er som vanleg Nøstebarn sine rillestrikka, dei er uslåeleg på passform, samstundes som dei går fort å strikka. Dermed vert det to votter, ikkje ein... Desse vottane har dog hatt ein laaang kunstpause i strikkekorga, ventande på at Systro kunne montere dei og feste tråder. Fyrst når det berre var ein dag att til bursdagen fekk ho fart på seg.

Då vart farten til og med så stor at vottane fekk seg ein liten topptur for å finne egna bakgrunn for fotografering. Vettakollen duger til det meste, både som treningstopp, utsiktpunkt og fotoshoot.


Garnet er Mitu frå Rauma, enkel tråd, kanskje pinner nr 3,5 eller 4? God match blir det på gutane no, min eigen junior har nemleg same farge på sine høgt elska votter, berre i heilstripa.
Nå kan regnet og småkulda berre halde frem, gutta held varmen!!

5 kommentarer:

  1. Ja, nå kan kulda komme, fingertuppene er klare! Veldig koselig med vottegave.

    SvarSlett
  2. Det ble fine votte-bilder! Så koselig bursdagsgave!

    God lørdagskveld fra Ingunn

    SvarSlett
  3. Kjempefine varianter, den oppskrifta er gull :))

    SvarSlett
  4. Rart det der med trådfesting, altså. Det kan være veldig til tiltak å komme i gang med. Vottene ser skikkelig gode og varme ut. Perfekte for små ute-hender :)

    SvarSlett
  5. Imponert over at vottene til og med fikk bli med på topptur for å bli avbildet! Kjekk gave:)

    SvarSlett