fredag 28. september 2012

Vetlegutjakke og Daisydans

Ferdig!!
Sumarstrikken strakk seg langt ut på hausten, men no, fredag før haustferien, er alle maskar fellt, trådar festa og stasen vaska. No ventar me berre på at mottakaren skal vere klar! Med fire ungar i huset veit eg jo godt at når barselgåver skal overrekkjast er storesyster og -bror aller viktigast, og det har eg her tatt på alvor.
 
Lindegrøn daisykjole møter gamal furu, og jammen er dei like, sjekk berre fargen på lavet på treets bark!
Storesyster og vetle ungen vert ton i ton, og den vetle jakka har fått knappar frå Snella og Petronella, nøye utvaldt for å finna tre knappar som passa i hop.

Vetlejakka er oppskrift frå Dale, babyhefteoppskrift nr 257. Eg tykkjer han vart litt stutt og litt brei, så det vert spanande å sjå han på!

Storesysterkjolen er som tidlegare nevnt inspirert av Pickles sin "høstvest til fest" , men med lengre og skrådd skjørt, så det vert kjole, og etterkvart tunika. Rundfellen her er heilt genial, ein feller på dei grøne rette omgangene innimellom daisyane, og kan lett regulere antall felte masker undervegs, for å få fellinga slik ein vil.

Garnet er frå Nøstebarn, lindegrøn silkeull, og ulike rød og rosa i totråds-merino. Pinner nr. 2,5 og 3. 




















Bak på Daisydansen lagde eg ein liten opning med belegg på, og ein gamal stofftrukken knapp gjer det lettare å få kjolen over hovudet, om han skulle vere trong i halsen.

Den aktuelle modellen her i huset veit godt kven som skal få kjolen, og det er ei jente, og dermed er det ikkje snakk om at han kan prøva den på, sånn berre for å hjelpe mor å berekne, langt mindre verte fotografert...




















No skal Daisydansen få vere veggpryd nokre veker, før minsten her i huset byr mottakaren opp til dans, når tida er inne...

onsdag 19. september 2012

Daisydans på gang!

Etter å ha kjend ein stund på at Dansande daisykjole kanskje ikkje vart så bra som eg håpa, og venta på tid til å sitta rolig i sofaen å strikka, og venta på at kjøkkenet skulle verte ferdigmalt (av meg) ville eg ikkje venta meir.
Skjørtet , som var 10 cm då det vart lagd på vent, gjekk i ein feiande fart, litt felling med jamne mellomrom,  og vips var eg klar for Daisydans...

Daisyar er knotete å strikka, men likevel kjempegøy! Effekten vert blomstrande, dansande, herleg jentesøtt!!
Eg har nytta lindegrøn silkeull på skjørt og arm, dei tre raude nyansene er totråds merino, alt frå Nøstebarn.
Eg var svært usikker på korleis daisyane ville verte i så tynt garn, men Vetlo ved mi side var svært trygg på at den transparante effekten ville gjere seg svært bra... Takk for støtta!!

 Bringebærraud, klarrosa og flaggraud. Diverre tror eg desse fargane har gått ut no.
Sikksakk-borden nedst på skjørtet kom til ved tre saman og auk to med jamne mellomrom, samt 5 vrange og 5  rette omgangar x2.
Ein fin snuppeeffekt for ei tre år gamal jente!




Ved ermet har eg strikka nokre omgangar grøn glattstrikk, som eg satte saman med bolen før dansen byrja.
Dei grøne omgangane innimellom Daisydansen fungerer som rundfellomgang, nett som i høstvest til fest frå Pickles, der eg henta inspirasjon.




















Så no er det Daisydans kvar kveld i sofaen etter leggjetid! Snart ferdig!

lørdag 1. september 2012

Kreative krumspring eller hagearbeid?

Ikkje at strikkepinnene får tid å klirra så friskt her i heimen, så ein kvar moglegheit til kreativ aktivitet må nyttast. Då 7-åringen gjekk på hovudet ut gjennom sikkerhetsnettet på trampolina, skjøna eg at tida var inne.

Utstyrt med bestemors supertråd frå ei anna tid, saks og nål, tok eg trampolina for meg.
Mange hol!! Eg sydde og sydde! Naboane stoppa opp og slo av ein prat når dei gjekk forbi, så for dei som slit med å koma i kontakt med grannane kan eg anbefale trampolinesaum!

Den største flenga var heit uforsvarleg, og eg vart ikkje heilt einig med meg sjølve, der eg stod og sauma, kreativ kjende eg meg ikkje, og hagearbeid var det vel heller ikkje eg dreiv med? Men vøling, det er ordet. Ikkje redesign, nei, men ordentleg, gamaldags vedlikehald, ja, det er det. Vøling. Godt ord. Å ta vare på det ein har, både trampoliner og ungar....


Så gjenstår det å sjå om ho vert god som ny, då....


søndag 26. august 2012

Perfekt sumar for nyerverva sjal

Som tidlegare blogga har eg strikka sjal til mor mi, og dette vart overlevert i sumar.  Mi gode mor draperte straks sjalet omkring sine skuldre, og sidan har det ligget der. Kombinasjon av skyfull og regntung sumar gjorde at sjalet verkeleg kom til sin rett!





































Ein kjølig ettermiddag på hytta, da mi gode mor kvilte middag, tenkte eg at eg kunne prøva det, sånn for å luna meg litt. Men jommen var ikkje sjalet fortsatt på, midt under middagskvilen. Det er jo draumen for ein strikkar, sant, at det ein har gitt bort, ikkje vert tatt av, men brukast dag etter dag!

























fredag 24. august 2012

Feriestrikk?

Etter nokre dagar på hytta i sumar, vart det tydeleg for meg at sumarstrikk må vere lett, ikkje kreve noko tankeverksemd, telling, felling eller auking. For ikkje å snakke om konsentrert montering!!!

Mine planlagde prosjekt vart difor berre delvis fullførde, ein lindegrøn babyjakke er klar, kjempa seg frem gjennom seine kveldar ettar at ungane var i seng. Å montere? Utenkeleg. Bilete kjem når tida til det kjem! Og kjolen til den komande storesystro er ikkje rørt....

Men pulsvantar, rett opp og ned, til jolemessa i kyrkja, det har det vorte fleire av! Sumarferien bragte oss til England, og det vart difor

Union Jack- pulsvantar, strikka i Regents Park i London,












Spinnacher Tower-vantar, strikka i Portsmouth,

Isle of Wight-gule strandvantar, som forresten skal komplettere sjalet som mi gode mor har brukt i heile sumar...






























London Eye-vantar, strikka blant anna hundre meter til værs,

































Og sist, men ikkje minst, kartlesar som eg er, London bussplanleggingsvantar.



















Den eine gongen eg tillot meg å strikka på bussen, isatden for å fylgje med på kartet om kvar me skulle av, ja då kom me av på feil plass...

Strikkebutikkar i London? Sikkert. Men ikkje med tre ungar (ja, minsten var hjå besteforeldra!!) og OL..
Ein ting er sikkert: London var supert for ein familie (Starbucks kaffi/milkshake, shopping og OL-handball for jentene, London Zoo, Naturhistorisk museum og British Museum for 7-års guten, og massevis av logistikk-, økonomi- og gastronomiske utfordringar for foreldra), og må vere heilt fantastisk for vaksne (åleine....).

mandag 9. juli 2012

Søsken sumar strikk

Ei god venninne av minsten - ja faktisk ein av dei to venene han har, når han sjølv reknar dei opp - skal verte storesyster til hausten.
Hurra!



































Eg gler meg difor over lindegrøn silkeull frå Nøstebarn, som skal verte kjole til venninna og jakke til magemannen, for ryktene seier at det er ein liten mann. Veit jo aldri, så eg får svinge til med nokre feminine knappar om det skulle vise seg å ikkje slå til...

Jakkemønster har eg kikka lenge etter, utan å finne JAKKA, men i går, på helgevakt på jobb fortalde mi kjekke kollega meg om ei jakke ho nyleg hadde strikka som var så fin. Nett inn på Dalegarn.no og der låg ho. JAKKA. Og neste dag lå oppskrifta i hylla mi, til låns. Dalehefte nr 257 Baby. Takk, kjære kollega!


Kjolen har eg forsøkt meg på å teikne sjølv, inspirert av høstvest frå Pickles og selekjole frå Nøstebarnboka, og på mitt papir seg det veldig fint ut.. Dansande Daisyer i bringebær, flaggraudt og jenterosa på rundfelling, og grønt skjørt.


Litt bleike fargar i ettermiddagsljoset i ein regntung by, men dei er friske nok til å verte inspirerte av!
Her vert det sumarstrikk!!!

Til mi kjære mor

Som tek i mot oss på hytta i nesten to veker i sumar... gjensidig glede!!
Som i si tid lærte meg å strikka...
Som ser kvart einskild barnebarn og bryr seg om dei kvar især...
Som har gjeve meg mi store interesse for handarbeide...
Som skal vere mormor især for minsten vår i fleire veker denne sumaren...
Takk!
Og fleire bilete kjem, når mi kjære, kjære mor får dette om skuldrane!