mandag 15. august 2011

Dukkeba-modell i ny køyredress

Me har fleire kjende som ventar barn no rett rundt hjørnet, og eg lot meg difor friste til nytt handarbeide. Strikking til små babyar er så smått og går jo så fort! Eg starta friskt med det samme eg fekk høyre nyheita, sånn ca i mars. Flettestrikka køyredress i mjuk, kvit alpakka, oppskrift frå Sandnes. Mmmm. Berre kos, tenkte eg. Til eg byrja med flettestrikka vrangbord på fire pinner... Uff og æsj så knotete det var!

Så dette tok tid, ja. Dressen vart i hovedsak ferdig i sumarferien, berre monteringa att. Kjedelig...
Men no er barnet venta kva tid som helst, og mora er utålmodig på å få fødselen overstått, så då skal det ikkje stå på ein umontert barselgave!

Svosj, så var han montert, påsydd knappar frå knappehuset i Bergen, vaska og fotografert.


Bannskapsvrangborden vart ikkje så verst, tross mykje strev. Om eg skal gjere dette igjen vert nok vrangborden strikka fram og attende, ja.


Småjentene her i huset er som kjent vorte ganske store, eldste skal opp i 6. klasse om nokre dagar, og den andre vert 4. klassing. Vanskeleg å bruke som modellar på nyføddklede, ja. Utruleg så fort tida gjeng. Mimrefølelsen var difor sterk då eg plukka frem yndlingsdukka deira frå nostalgiarkivet på loftet. Dukkeba,  utan namn, strålte av glede då ho skjøna at ho fekk vere med på leiken ein stund. Og kva er vel meir takksamt enn ei lukkeleg Dukkeba som modell?


I dag har det vore regn i lufta heile dagen, så det har ikkje vore så mange turane ut i hagen i dag. Oppstart av ny barnehage for Bleiegutt, og SFOstart for Snart-veldig-snart-skulegutt, har fylt dagen med andre gjøremål. Så då eg tok ein tur ut for å fotografere Dukkeba og ny-køyredressen, såg eg dei uendeleg vakre purpursolhattene.


Nyt kvelden!
Systro

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar