tirsdag 30. august 2011

Så vakkert , så vakkert det er i nord! Eg saknar hav, himmel og fjell! Me har hatt fantastisk flotte dagar i Nordland, fin konfirmasjon og fest, flott 3-toppstur dagen derpå, og mykje triveleg samver med slekt og familie. Tusen takk til bror og svigersyster for stor gjestfriheit!

Reisestrikkinga vart fullført, og vart allereie bort-tinga av Vetlesystro. Ho påstår ho allstøtt frys på fingrane, og treng noko som varmar heilt inn i sjelen. Slikt kan jo ikkje ei store-syster stå i mot..


Ver så god, syster mi!



Garnet er altså Mari eller Symre (hugsar ikkje kva som var kva..) frå Telespinn. Mohairgeiteull, mjukt og blankt å strikke med. Eg har nytta pinne 3, og 48 masker, med mønster etter eige hode. På baksida har eg ribbestrikk, så dei skal halde seg inntil handleddet.


Lurte på om desse kanskje skulle masseproduserast til evt julegaver...Vurderer då å leggje til ein annan tråd i nesten lik farge og strikke med litt tjukkare pinner, så det gjeng litt raskare...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar