søndag 12. mai 2013

Kvit som kvitveis Three Movie Sweater

Kvitveisen flommer og dekker marken med vakre, kvite tepper, men forutan det er det lite vår i lufta. Kaldt og vått, og heilt på sin plass med ein pusete genser i mjuk alpakka. 



































Bestillingen frå snart-tenåring var "same genser som deg, mamma", då ho såg mi ferdige Three Movie Sweater.

Lett som ein plett tenkte eg, den gjekk jo så raskt å strikke! Me for til garnbutikken før påske, plukka ut fjærlett Soft Alpakka frå Sandnes, og eg tenkte at eg kunne bruka same oppskrift med berre tynnere pinner.

Jada, oppstarten gjekk greit, opplegg, vrangbord, og så rundt og rundt og r u n d t .... Gjeeeesp!
Nye prosjekt veks raskt i hovudet når ein strikker tanketom strikk, og det verka så uendeleg langt frem til raglanfell og ermestrikk... To like gensre på rappen er ikkje noko for meg!

Men påska var lang og gav mykje tid for strikk, og eg var knallhard, ikkje finn fram det andre planlagte og særs fristande spitet før pusegenseren er ferdig!

Men eg kom i mål! Og genseren vart tatt i bruk umiddelbart, ja før eg rakk å festa på ein tagg, til og med.


Fakta:
Kvitveisfarga Soft Alpakka frå Sandnes
Pinne 6
Oppskrift Three Movie Sweater, uten stor krage, gratis oppskrift frå Handarbetaren .

Oppskrifta er med tjukkare garn og tjukkare pinner. Eg fulgte difor oppskrifta i antall masker rundt, og satsa på at det vart passe storleik til ei ung dame (Dame Small), med tynnare garn og pinne. Og det slo til, eg hadde jo modellen med meg på tur, og målte ermer og bol undervegs.

Garnforbruk: ukjend, eg hugser ikkje kor mange nøster eg kjøpte, men eg har to att... Og god vekt har eg ikkje, så beklager folkens!

Snart-tenåring er særs nøgd, genseren er fin og varm, mjuk og god, seier ho.

Og då er jo mor nøgd!
































God vår, måtte varmen også kome snart!!

3 kommentarer:

  1. Knallfin, ikkje rart ho er fornøgd! Likar at du kallar det spit, forresten ;) God ny veke til deg!

    SvarSlett
  2. Deilig genser i "vårkulda". Tror ikke det er noen fare for at vi blir for varme denne våren. Misunner deg litt den "hvitveis-skogen".

    Ha en strålende dag! Her er det regn og gråvær.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  3. Nydelig hvitveisgenser, og vakker jente!

    SvarSlett