onsdag 26. oktober 2011

Kornblanding - eller Granola som Vetlesystro seier

Her kjem eit litt ureglementert strikkeblogginnlegg - men mat må ein jo ha...

Ein av grunnene til at eg er så glad i å strikke, og i å nytte strikka klede og tilbehør, er at det gjer ein god kjensle  å fylje prosessen, og kjenne alle trinna i arbeidet. Det byrjar med ein ide, innkjøp av garn/dypdykk i arkivet, vurdering av farge, storleik, pinner - gjennomføring, der ein koser seg eller strever med mønster og masker, og så gleda til slutt over ferdig produkt. Evalueringa kjem gjerne både undervegs og etterpå, var det vellukka, passa det, lett/vanskeleg å strikke, og så bortetter.

Eg er i det heile tatt glad i ting som er heimelaga, og det er nok grunnen til at kornblandinga me et om morgonen (og til lunsj, og til kvelden) er laga på eige kjøkken. Eg har funne ei oppskrift som er lett å lage og god å ete, og som difor freister til gjentaking, faktisk på andre året no. Dette var mellom anna fjorårets jolegåve til mange venner og familie..

 

Samanblanding av 4-korn, nøtter, frø, litt sukker, olje og vatn, bakt i omnen i 25 min. gjer ein sprø og knasande effekt, perfekt med yoghurt, søt- eller surmjølk. Oppskrifta er ikkje mi, så  eg vil ikkje leggje den ut, men ta kontakt på epost om det frister!


Her er det blanda inn nokre tranebær også, etter at kornblandinga var ferdig i omnen.



Ein 500g pakke med 4-korn, samt nøtter, frø m.m vert akkurat passe til eit toliters Norgesglas, pluss ein god smaksporsjon i tillegg. 

Velbekome!


1 kommentar:

  1. Ser nydelig ut! Vi lager også hjemmelaget kornblanding, og det er så godt!

    SvarSlett