onsdag 16. november 2011

Lillefot

Heilt siden eg annonserte for Bleiegutt at eg skulle strikke vest til ham ( som jo diverre ikkje vart noko av), har han titta på strikkinga mi med nysgjerrig blikk og eiermine: " Den ej til mej, mamma?" Eg er absolutt svar skuldig, for strikken no er jo meint som jolegåver, og ikkje til han... Som nummer fire i rekka treng han verkeleg ingenting av strikk! Han har sokker, vottar, ullbukser og gensre, to heil-dresser (den eineste i familien som har "Onepiece"), ja alt det ein treng i ein kald og aktiv hverdag.



Men her tidlegere i haust bestilte eg garn frå Hillesvåg, samt oppskrift på tøfler til gutane. Tenkte det kunne verte jolegåve til dei. Men då fem kalde stod utafor døra i morges, og bakken var dekt med rim, og det kryp inn gjennom vindauga og veggene og eg veit ikkje kva i vårt kjære 60-talshus, fann eg ut at Bleiegutt treng tøfler. No. Eg frys på beina, ja, då må han kle seg...

Så moro å få ein stor pakke med garn i posten! Garn, tjukke pinner nr 6, oppskrift og skinn til å sauma på under, dette må jo verte bra!







I dag har Bleiegutt vore heime med litt sjukdom, og me har strikka og bygd lego, strikka og lagd togbane, strikka og sett på film... Og så var den eine tøffelen ferdig! Halleluja over pinner nr 6! Så raskt det går! Ut i hagen og ta bilete før mørkret kjem!








Desse heiter altså Lillefot, voksenmodellen heiter Storefot, Trollgarn frå Hillesvåg, pinner 6. Dragefinnene bak gjer jo klåre assosisasjoner. Skinnsålene er kjøpt samme sted. Tøflene skal tovast før dei sys på skinnet, det vert jo litt spennende, om dei krymper mykje vert dei for små... Nokon som har gode tips her, eller?

Bleiegutt søv fornøyd, han har nemleg testa tøflene undervegs, for å måle, og eg kunne bekrefte at "ja, desse er til deg!"

2 kommentarer:

  1. Å, de blir fine til små guttetåtiller =)

    SvarSlett
  2. Tips: hvis de krymper for mye er det bare å tøye, dra og strekke idet tøflene kommer ut av maskina :)

    SvarSlett