torsdag 24. mai 2012

Blokking completed!

Det var jo reine magien, slik blokking! Eg fann fram familiens lite brukte treningsmatte, bestemors lange knappenålar og satte i gong.  Her skal det strekkjast!








Sjalet lå i strekk i to dagar, då hadde eg plutseleg fått hjelp av nokre ivrige gutar til å fjerne alle nålane, så då var blokkinga ferdig...
 Fantastisk kor stor forskjell det var før og etter!  

 No er sjalet ferdig og klart til bruk, og eg er svært nøgd med mønsteret, og alt eg fekk til!









Erfaringar:
Tynn alpakka frå Du store alpakka, pinnar nr 3,5. Bladmønsteret var moro å strikke og lett å kome inn i, men litt tungt med mønster på både knit og purl-sida, og aldri nokre kvileomgongar. Eg hadde med meg sjalet på familietur med menigheten, og vart støtt sitjande litt i mine eigne maskar. Konsentrasjon krevdes!
Sjalet er ikkje så stort, mest som eit stort halstørkle, men kan gjerne nyttast over skuldrene til ein fin kjole.
Det som er mest keisamt er at eg tykkjer det klør litt... Andre som har erfaring med Tynn Alpakka?
Tidlegare har eg nytta Sandnes sin alpakka, og ikkje kjend noko kløande.

Konklusjon:
Dette var eit forsøk på ein engelskspråklig oppskrift, og den prøva tykkjer eg at eg bestod. Moro var det og! Eg er godt nøgd med sjalet, og det passar godt i farge og storleik til mottakaren. For min eigen del likar eg best sjal med lengre ender, som kan surrast fleire gonger rundt halsen, evt i kryss over bringa og knytast bak.

3 kommentarer:

  1. Ja, se der ja! Lekkert mønster!

    SvarSlett
  2. Det ble kjempefint! Gratulerer med første engelske strikkeforsøk. Og det er virkelig magisk med blokking, jeg husker godt hvor imponert jeg ble første gang jeg prøvde det.

    SvarSlett