onsdag 22. juni 2011

Nytte tiden og passe tungen...

Då mor mi var lita framsa ho eit vers på ei skoleavslutning:  

Å nytte tiden og passe tungen, det syns mor er den beste ungen...

Hjå vetlesystro og systro, ja i heile familien har dette vorte eit munnhell, til allmenn latter, men verset har jo sin misjon. Det veit jo alle ihuga strikkarar! Kva passar vel betre til å nytte tida med enn eit strikketøy?


Så når fotballsesongen er i full gang på tre av ungane, og Snart Skulegutt skal spela fotball, tar Systro med ettermiddagskaffien og strikkinga, og sit på sidelinja og nyttar tida.
Etter ein stund oppdaga eg at eg satt litt vel langt ute på sidelinja, som de ser er dei andre foreldrane borte ved målet og heiar på podane sine...

Strikkinga, som nesten vert borte i det lange graset, er det fyste ermet på ein stripete gensar med raglanfell til Snart Skulegutt, i Lerkegarn fra Dale, frå garnarkivet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar