fredag 12. august 2011

Ein lang og deilig sumarferie er til endes, og me er komen heimatt frå gode hyttedagar i Telemark, og fra intense Legolandinntrykk med tilhøyrande feriesenteropphald. Lalandia feriesenter rett ved Legoland anbefales på det varmaste om ein har barn!

Oppi det heile dukka Vetlesystro opp som ein strålande opplagt ferie-au-pair for Systro, mannen hennar og dei 4 ungane. Så kjekk ein overrasking! Ho hadde nysydde kjolar i kofferten. Berre synd at min fantastiske mobil med alle bileta i streikar, så ingen kjolar vert her presentert... No er telefonen på service så fleire bilete kjem. Farlig å verte så avhengig av ein slik dings.

Nok prat. Eg har då strikka i sumar, nesten alle planlagde prosjekt vart ferdige! Eg har strikka på stranda, i bilen, til ti-kaffien medan ungane sprang rundt på hytta, i garderoben på badeland og i køen til ulike attraksjoner i Legoland. Det gjeld jo å nytte tiden!

Tante Anna trøya vart eg raskt ferdig med, og eg strikka difor ei tilhøyrande lue, inspirert av "Strikk til nøstebarn", rillestrikka babylue.



Eg hekla på ein picotkant, for å få same avslutning som på jakka. Snorane vart litt tvinna, eg er ikkje så stø på hekling enno, men eg tykkjer det berre vart fint.


Her er ein detalj frå jakka. Holkanten tykkjer eg gjer heile jakka! Perlemorsknappene kjøpte eg på Fyresdal Manufaktur og leiker, ein butikk som har alt ein treng.


No skal jakka og lua vaskast, pakkast og sendast til den vesle nordlendingen som nett er fødd. Velkomen til verda!

1 kommentar: