fredag 21. oktober 2011

Ullvøl

Tida er komen for å finne frem vinterkleda! Ein av dei kjekke tinga med å ha mange born er at klede kan gå i arv! Særleg klede som er heimestrikka eller anna ulltøy held seg fint, og har vore svært gledelig når tida er komen til at nestemann passer inn i det. Mange vene kjolar frå jentene er allereie gitt bort til mindre jente-slektninger, men alt som kan nyttast av gutane også ligg på loftlageret og venter på å få vere med på ny leik og moro.

Så også denne genseren, som allereie har rukket å vere yndlingsgenser til to - med litt vøling hist og her håper eg den kan vere klar for nye dager i barnehage, under parkdress og for å vere med på alt som Bleiegutt finn på.Korleis hola på skuldra har kome kan eg ikkje skjøna, eg har ikkje funne møll på noko anna på loftet?

Mystiske hol... men no kjem det snart ein slange...










Kreativiteten bobla plutseleg, kan hende det har med besøk av Vetlesystro å gjere?










 Bleiegutt er av typen som absolutt vil bestemme sjølv kva han skal ha på seg. Helst skal kleda ha noko typisk, slik som tog-buksa (ei slitt, gamal oransj bukse som var veldig skjønn, som fekk eit tekstiltrykk med tog på seg), helikopterbuksa (same, men med fly- og helikoptertrykk), Lynet McQueengenseren (genser fra loppis med Lynet på), eller Ole Brummbodyen. Litt lite utval for ein 2 1/2-åring, så no har eg kuppa han med ein heilt ny, gamal SLANGEGENSER (utheva med Caps Lock, i følgje avisa er det internasjonal Caps Lock -dag i dag).


Systro var svært så nøgd over resultatet, ein kjær, velbrukt nøstebarn-yndlingsgenser for to born er nå klar for nye sprell!

Den gjekk rett på  - og passer perfekt! Med ein maskulin slange gjer det ingenting om jumperen er i raudt og lyseraudt!

3 kommentarer:

  1. For en flott slange, veldig smart måte å både reparere hull og gjøre en jentete genser akseptabel for en liten tøffing!

    SvarSlett
  2. Inspirerende reparasjoner! Kjekt med arv :)

    SvarSlett