torsdag 3. november 2011

Meir ullvøl

Bleiegutt arver mykje klede, det er så deilig! Kleda har vorte mjuke av bruk og vask, og har allereie ei histore med seg. At det må vølas på er berre kjekt, det vert jo nye kapittel i historia!

Dynelause unger søv best i ein blå nøstebarnpysj, det er heilt klart. Denne pysjen har vorte sunge for mange gonger, med tre gutar hjå venninna mi, og no andre runde her heime. Den kan nok både "Kjære Gud" og "Bæ, bæ lille lam" utenat! Og søv godt, det gjer dei, både pysjen og guten.

Men så vart det hol på tærne, og på helen og til slutt litt stutte bein. Systro klippa av pysjfoten, og sånn sov guten ein stund. Då han våkna om morgonen var pysjen allstøtt shorts, beina kraup oppover kvar natt. Hrmmppf..  Her må det vølast!

Systro strikka lappar i resten av det blå Mariusgarnet, mjuk Alpakka frå Sandnes. 









Så sauma eg det saman til små "leggiser", som vart behørig testa!







Leggisene vart sauma med trestings-sikksakk nederst på pysjebeina, og voila! Ingen kald -på -beina-gutt lenger!!












Slik vart resultatet, ein haustgrå dag, men ein god og varm gut om morgonen i allefall. 

Live-fotos ikkje mogleg, om kvelden er guten høgt oppe og langt nede humørmessig, og om morgonen er han ny-ladet og klar til innsats og ikkje i ro til eit einaste bilete.










Haust, regn og skodde og kjølig. Godt me har det varmt inne! I desse dager får me ny inngangsdør, mmmm, no kan me halde på varmen! Peisbål og strikketøy, lego-leik og varm te!



2 kommentarer:

  1. Så fin blogg dere har her! Takk for titten, kommer tilbake:-)

    SvarSlett
  2. Kjekt å se ullvøl i blogglandia! Jeg synes du har gjort en kjempejobb, det er ingen fare med dyrt tøy når det kan brukes leeeeeenge!

    SvarSlett