mandag 31. oktober 2011

Grasgrønne...

Eg har funne ut at det ikkje allstøtt er så lurt å blogge så mange ideer og tanker om prosjekt til påbegynning, fallhøgda vert litt større om det ikkje vert noko av det, når det er sagt offentleg..

Eg var så klar for å strikka ein vest til Bleiegutt, sjå berre her. Etter mange lange runder vart vesten/undertrøya prøvd på, og då var den for vid... Rekk opp, start på nytt. Denne gongen med færre masker og glattstrikka rygg for å spare nokre rette og vrange masker. Så vart den for lang, og feil fellt i ermehola, samstundes som eg var usikker på kva som ville verte finest i halsen, opning som i oppskrifta eller a la Nøstebarnundertrøye. Så vart eg lei, rett og slett, og rekte opp alt saman.

Resultatet var difor dette:
 


Deilige mjuke votter, i dobbel, grasgrønn alpakka. Oppskrift frå Marte Helgetun. Eg brukte 2 1/2 nøste à 50 gram til desse. Dei er store, mjuke og varme, perfekte til å trille på tur og halde i barnevogna med. 

Men eg meiner fortsatt at den vesten er ein av dei flottaste eg har sett, så om det skulle kome ein liten guttebaby hjå nokon kjende, så hiv eg meg kanhende på...

Og teppet til Bleiegutt, som vottene her kviler på, det strikka mor mi då gutten forsatt var i magen. 2-tråds merino frå Nøstebarn, oppskrift frå Dalebaby. Kjempelekkert, lunt og varmt, fortsatt i dagleg bruk.



3 kommentarer:

  1. Nydelig grønnfarge, og jeg ble nesten varm på fingrene bare av å se på dem:-)

    SvarSlett
  2. Åh, for en heerlig farge i høstsola! Ikke alle prosjekter blir som vi tenker oss, men sånn er det for oss alle. Vesten løper ikke fra deg, vettu :) Nydelige votter, de varmer nok godt utover i sesongen!

    SvarSlett
  3. Takk for hyggelege kommetarer! Ja eg vart godt fornøyd med desse vottene, lette, varme og enkle i designen. Dei bestod testen i Halloweenskodda i går!

    SvarSlett